Kongeparet kommer snart til bygda |
Kongeparets besøk nærmer seg, og vi vil legge ut litt info vedr. besøket.
Praktisk informasjon:
- Folkefesten vil skje på plena mellom galleriet og spaavdelinga på Angvik gamle handelssted
- Vegen ned til hotellet vil bli sperra for biltrafikk.
- Parkering for publikum ved Angvik næringspark. Gå «Nybrua» og turvegen fram til festområdet. (ca. 5 min å gå)
- Toalett for publikum blir i Angvik næringspark og ved porten mot nyfløya ved hotellet.
- Kiosksalg blir på Angvik næringspark mot gangbrua.
- Det blir sett opp tausperringar som publikum må halde seg bak. Ut over dette ber vi alle følgje den informasjonen som politi og vaktmannskapet gjev.
- Barn som har med norske flagg, vil få førsterett til å stå i fremste rekke.
- Vi oppfordrar alle i Angvikområdet til å heise flagg denne dagen.
- Kart over festområdet finn du her
Programmet ser slik ut:
Kl. 18.30 Folkefesten startar med musikk av Batnfjord musikklag frå scena.
- Nordmørske folketonar v/Gro Kjelleberg Solli, Unni Boksasp og Henning Sommerro.
- Kongeskipet kjem inn til Angvik
Kl. 19.15 Kongeparet kjem på land og blir tatt imot av ordføraren
- Batnfjord musikklag vil spele på kaia.
- Blomsteroverrekking
- Kongeparet går langs kaia fram til scena ved Galleriet
- Skule- og barnehagebarn frå kommunen står langs ruta.
- Kongeparet tar plass i eigen paviljong
- Ordfører ønskjer velkommen
Medverkande i det vidare programmet:
- Angvik skule/barnehage saman med Flemma songlag, Eirik Fostervoll og Nikolai Gagnat.
- Flemma songlag
- Ragnhild F. Istad song og Erik Fostervoll piano
- Kulturskulen si dansegruppe
- Prolog v/Jorid Leirdal
- Angvik Hornmusikk
- Hans Majestet Kong Harald sin tale/helsing
- Kongeparet helsar på spesielle gjestar som sit framfor scena.
- Kongeparet helsar på folk lang ruta fram mot museet og inngangen til hotellet.
- Angvik Hornmusikk vil spele frå scena
Kl. 20.00 Det offisielle programmet er slutt.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar