|
Eit innlegg frå ein litt fortvila rektor (Foto: Terje Humstad |
Denne
fotballen blei avgløymt, og vart liggjande ute over natta. Når vi finn den att,
er den skåre opp med kniv eller annan skarp gjenstand. Ballen var heilt ny, kosta rett nok ikkje så
mykje, og den var i tillegg kjøpt på tilbod.
Tapet i pengar er såleis ikkje stort. Det som er trist, er å registrere
at nokon går laus på gjenstandar for å øydeleggje for andre. Det verkar
eigentleg heilt meiningslaust, og vi veit ikkje heilt kva vi skal svare når
elevar heilt ned i 5-6 års alderen spør: “Kvifor er ballen slik, kven har gjort
det og kvifor?”
Barnehagen
og skulen i Angvik er ein del av oppvekstmiljøet for mange barn, dei som bur
her, og dei som kjem frå andre grender for å gå i barnehage eller på skule. Vi
på skulen meiner det er flott at området rundt skulen blir brukt på ettermiddag
og kveld til leik og aktivitet. Det gjeld jo også for kunstgrasbanen. Vi synest
også det er heilt greitt at utstyr som ligg tilgjengeleg blir lånt og nytta til
det det er meint til. Vi synest derimot ikkje det er greitt at nokon går laus
på tinga våre for å øydeleggje. Elevane som bruker det, forstår det ikkje, og
blir lei seg. Verst trur vi likevel det er for deg som har gjort det, og dei
som du kanskje har med deg. Vi synest du
skal ta ansvar, gjere opp for deg, og gjer det best ved å møte opp på skulen i
skuletida med ein ny fotball.