10. oktober 2019

Julemesse i Flemma grendahus 9. novenmber

Det er snart tid for den tradisjonelle messa før jul i Flemma. Messa har i mange år vorte arrangert av Bygdekvinnelaget, men vert i år for første gong arrangert av Grendahuslaget i Flemma den 9. november. Vi har fått eit vidt spekter av utstillarar, gamle og nye.
Det vert salg av mellom anna: kjøttvarer, bakevarer, fisk (rakfisk fra Valdres), og andre matvarer, handarbeid etc.
Lysfabrikken og Nikoline er sjølvsagt som vanleg med.

Det vert og salg av mat og kaffe.