21. august 2015

Om å øydeleggje for andre

Eit innlegg frå ein litt fortvila rektor (Foto: Terje Humstad
Denne fotballen blei avgløymt, og vart liggjande ute over natta. Når vi finn den att, er den skåre opp med kniv eller annan skarp gjenstand.  Ballen var heilt ny, kosta rett nok ikkje så mykje, og den var i tillegg kjøpt på tilbod.  Tapet i pengar er såleis ikkje stort. Det som er trist, er å registrere at nokon går laus på gjenstandar for å øydeleggje for andre. Det verkar eigentleg heilt meiningslaust, og vi veit ikkje heilt kva vi skal svare når elevar heilt ned i 5-6 års alderen spør: “Kvifor er ballen slik, kven har gjort det og kvifor?”


Barnehagen og skulen i Angvik er ein del av oppvekstmiljøet for mange barn, dei som bur her, og dei som kjem frå andre grender for å gå i barnehage eller på skule. Vi på skulen meiner det er flott at området rundt skulen blir brukt på ettermiddag og kveld til leik og aktivitet. Det gjeld jo også for kunstgrasbanen. Vi synest også det er heilt greitt at utstyr som ligg tilgjengeleg blir lånt og nytta til det det er meint til. Vi synest derimot ikkje det er greitt at nokon går laus på tinga våre for å øydeleggje. Elevane som bruker det, forstår det ikkje, og blir lei seg. Verst trur vi likevel det er for deg som har gjort det, og dei som du kanskje har med deg.  Vi synest du skal ta ansvar, gjere opp for deg, og gjer det best ved å møte opp på skulen i skuletida med ein ny fotball. 


1 kommentar:

  1. Det er vel en mulighet for at ballen har hatt ett ublidt møte med slåmaskina,som så mange baller gjennom årene. Før blei vi opplært på skolen til å ta inn baller og leiker hver dag,kanskje på tide å innføre det igjen?

    SvarSlett