Gro Kjellberg Solli gje ut si første soloplate og held i samband med dette lanseringskonsert i Angviksalen, laurdag 17. mars kl. 18.00. (Foto: Marius Beck Dahle) |
Laurdag 17. mars kl. 18.00 blir det lanseringskonsert i samband med utgjevelse av Gro si første soloplate, i Angviksalen ved Angvik Gamle Handelssted.
Billettar kan kjøpas på Hoopla.no.
I mars 2018 lanserer Gro si første soloplate, utgjeve på
Ta:lik records.
Gro har vore utøvar innan vokal folkemusikk i over 20 år, og
har tileigna seg eit breitt repertoar av songar ho har brukt på konsertscener
rundt om.
Med på soloplata og konserten har ho Øystein Sandbukt
(gitar), Marit Aspås (cello) og Erik Fostervoll (trøorgel). Øystein er frilans
gitarist og distriktsmusikar (Møremusikarane) med base i Sunndal, Marit er
frilans cellist busett i Trondheim, med TrondheimSolistane som sin største
oppdragsgjevar. Erik er kulturskulelærar og kantor i Nesset kommune. Alle har
vakse opp på Nordmøre og er som musikarar prega av den lokale musikken derifrå.
Her får du høyre vàre bånsullar, dansande slåttar,
forteljande viser, trøstande salmer og artige stubbar. Repertoaret på plata er
henta frå Nordmøre og Romsdal, Os og Røros, i tillegg til eigenskrivne viser som «Stien eg fann» og
«Naboens gyngestol», som er hennar uttrykk i dag. Av heilt lokale songar får du
høyre Astrid Hindhammer sin vakre bånsullvariant «Sull lull littin tull» .
Gro er veldig glad for å få halde lanseringskonsert i
heimbygda Angvik, der både ho og Marit har vakse opp.
--
Gro har tidlegare medverka på ei rekkje plateinnspelingar,
ma «Til deg» med Tre begrædelige piger, som vart nominert til Spelemannsprisen
i klasse folkemusikk i 2004.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar