9. mars 2012

Telenorkarusell i langrenn på Osmarka

Det vert arrangeret telenorkarusell i langrenn/langrennscross på Osmarka 14. og 21. mars. Start klokka 18:00 og påmelding frå klokka 17:30 i skileikområdet på Osmarka. Arrangementet er for barn og ungdom og det vert tilrettelagte løyper for alle aldrar. Det er premie til alle som deltek. Premieutdelinga vert gjennomført 21. mars,  men ein treng ikkje å delta begge gongene for å få premie. Dette er det samme arrangementet som har vore i Torvikbukt før, men er no flytta til Osmarka med bakgrunn i snømangel.



0 kommentarer:

Legg inn en kommentar