25. oktober 2010

Kafè til inntekt for Flyktninghjelpa


I overkant av 50 personar møtte opp då ungane i Lia arrangerte kafè søndag 24. oktober. Og givargleda var det ingenting å seie på; 4000 blanke kroner vart resultatet og alle pengane gjekk rett i bøssa

Alma (4 år), Olav (5 år) og Edvard (7 år) hadde samla inn gevinstar, baka og styra i førekant, så då dagen endeleg kom var dei frykteleg spente. –Kjem det nokon, skal tru?, lurte Alma. Jau da, det kom mange, og alle var glade for å kunne støtte ei slik god sak.

Både kaffe, saft, bakels og kake vart selt over disk. I tillegg var det eit lite lotteri og ein gjettekonkurranse. Mange tok lodd, og klokka tre kunne vi konstatere at det var Hulda (3 år) som gjekk av med seieren i gjettekonkurransen om kor mange pastarør det var i eit Norgesglas. Trass i at mange vaksne hadde både spekulert og rekna, var det altså ein av dagens yngste kafègjestar som trekte det lengste strået.


Dei fleste som kom tok seg også tid til å besøke dyra på garden. Den nyankomne mohairbukken Lukas var populær, men hønene, hesten og sauane fekk også visitas.
Etter tre timar var kafèen stengt. Utselde matfat vitna om at det måtte bli eit stort overskot. Då ungane (med kyndig hjelp frå dei vaksne) var ferdig å telje, kunne vi legge 4024,50 kr i bøssene. -No blir det betre å vere barn på flukt, meinte Edvard.

Vi takkar alle som møtte opp, og håpar at dette blir ein tradisjon.








0 kommentarer:

Legg inn en kommentar