I løpet av helga har nokon øydelagt og vandalisert delar av
uteområdet på Angvik skule. Leiker som låg ute har blitt øydelagt.
Bordtennisbordet har vorte fylt med sand. Det ser også ut til at nokon har
urinert både på bordtennisbordet og på lagerdøra. Eit stort søppelspann har
dessutan vorte trilla opp til rundkøyringa og er delvis øydelagt. Truleg har
dette skjedd rundt midnatt natt til søndag.
Saka blir meldt til politiet, og på oppfordring frå politiet ber
vi om tips i saka. Dersom nokon var ute natt til søndag, har observert noko på
skuleplassen, eller på annan måte fått informasjon om dette, ber vi om at de i
første omgang kontaktar rektor på Angvik skule, Unni Kjelleberg Solli (tlf 90
93 24 76).
Politiet meiner dette høyrest ut som skadeverk utført av ung
ungdom. Vi ber difor alle om å snakke med sine barn/ungdommar om dette for å få
tips i saka.
Elevane og dei tilsette på skulen er sjølvsagt både lei seg og
skuffa over at slikt kan skje på skulen vår. Vi håpar at dette er siste gongen
vi opplever slikt skadeverk!
Unni Kjelleberg Solli
rektor, Angvik skule
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar