Skraping og skriving på benkar og bordtennisbord, riping på vindu osv. Dette foregår på ettermiddag eller helg.
Fredag starta 6. og 7. klasse med å dekorere treet ved innkjørselen på skulen med fingerhekling. Dette hadde dei lagt mykje arbeid i.
Skuffelsen var difor stor då dei kom på skulen i dag og oppdaga at nokon hadde kutta over trådane og øydelagt det dei hadde gjort på fredag.
Dersom nokon veit kva som har skjedd, vil vi gjerne ha beskjed! Helsing elevar og tilsette på Angvik skule
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar