27. oktober 2020

Angvik-konsertane gjennom snart 20 år

Helgas konsert med Frida Ånnevik er den 34. i rekken. Her et tilbakeblikk fra oppstarten i 2001










Det starta i Sollilia i 2001, Gro Kjelleberg Solli drog det heile i gang, med konsert heime oppi Lia. Ho hadde fått med seg ei gruppe, dei kalla seg Brann i Blått. Scena var låvebrua, og publikum sat på graset i bakkana ovafor løa.


Fra ein av konsertane oppi Lia

Dette vart starten på ei lang, lang rekkje med konsertar, kvar sommar kom det nye grupper og artistar opp dit. Og Gro ville og gjerne få med ungar frå nærområdet til å delta i konsertane. Denne blandinga av profesjonelle musikarar, og skuleungane, var eit framifrå og verdfullt samarbeid.

Det tekniske vart det med kvart Angvik Hornmusikk som tok seg av, i samarbeid med Indre Gjemnes Bygdekvinnelag, som stod for kaffe- og matsal. Og menyen var graut og bakels. Seinare vart det ein eigen komite som har vore administrativt ansvarleg for konsertane.

Mykje folk på kaia, her frå 2010

Fram til 2009 var alle konsertane oppi Sollilia. Med kvart vart det større behov for plass, scena måtte utvidas, og kjøkken og stue vart «backstage» for artistane. Det hadde no kome hotell nede i bygda, og arrangørane vart tende på å utvide konsertprosjektet til å ha fleire konsertar. Så frå  2009 vart det konsert både på hotellet, og oppi Lia. Og i tillegg vart det nokre år bygdedag på hotellområdet, med salsboder, konkurransar, minikonsertar, andeløp,  og omvising på museet og i galleriet. Populært, men svært arbeidskrevjande. 

Over 300 betalande på konsert med Ola Kvernberg, Gro 
Kjelleberg Solli, Unni Boksaasp og Frode Alnæs

I 2015 vart den siste konserten i Sollilia arrangert. Både huseigarar og komite syntes det med kvart vart for krevjande. Så den siste artisten der oppe, vart Lillebjørn Nilsen. Frå da av vart heile arrangementet lagt til Angvik Gamle Handelssted. Der har det sidan vore konsert på fredag og laurdag kveld. Ja, i 2017 vart det heile fire konsertar. Ein på fredag med Frode Alnes. Så på laurdag var det lunsjkonsert med Kari Rueslåtten, og på kveld var det Jack Vreesvijk. Og på søndag var det Gro Kjelleberg Solli, Erik Fostervoll og Øystein Sanbukt. Den siste var på Angvik Bedehus.

Kano-konkurranse var eit populært innslag under 
Sommarkonsertane

Dei to siste åra har aktiviteten vorte skore litt ned. I 2019 var det to konsertar, og i år blir det berre ein, med Frida Ånnevik. Men at det blir berre ein i år er på grunn av korona-situasjonen. Ein vil ha eit trygt arrangement, der ein vil gjennomføre strengt alle reglar vedr. pandemien. Difor fann vi det tryggast å berre ha ein konsert.




Frå markedsplassen









Stor spenning før finalane i kano-konkurransen










Også var det andeløp tilslutt...



















Konsertane opp gjennom åra har hatt ulike namn, Lia-konsert, Sollilikonserten, Sommarkonsertane i Angvik, og no, Angvik-konsertane. Og det har vore svært mange ulike artistar og grupper som har vore med. Her er ei liste over deltakarane opp gjennom dei 19 åra:'


SOMMAR/ANGVIK-KONSERTANE FRÅ 2001

År

Artistar

Betalande

2001 

Lia. Brann i Blått

70

2002

Lia. De Begredelige Piker

180

2003

Lia. Ferdafolk + Gro, Marit, Erik

120

2004

Lia. Hørkelgaddan,+ Gro, Marit, Erik, Flemkoret, Runhild

145

2005

Lia. Henning + John Pål + Gro m/born

 

2006

Lia. Annbjørg Lien, Kirsten Br. Berg, Steinar Ofsdal, Gro m/born

200

2007

Lia. Ola og Jorun Kvernberg, Gro m/born

152

2008

Lia.  Odd Norstoga. Gro m/born

210

2009

Hotellet: Brann i Blått

Lia: Gjermund Larsen trio. Gro m/born

 

80

2010

Hotellet: Harald Haltvik-program, Helge Husby m.fl.

Lia: Frode Alnæs, Jorun og Ola Kvernberg, Unni Boksasp, Gro

 

Over 300

2011

Hotellet: Henning + John Pål Inderberg

Lia: Valkyrien Allstars + Gro m/born

 

160

2012

Hotellet: Jonas Fjeld trio.

Lia: Brass Brothers + Gro m/born

 

150

2013

Hotellet: Rita Eriksen.

Lia: Åsmund Norstoga + Gro m/born

 

110

2014

Hotellet: Vidar Johnsen.

Lia: Hekla Stålstrenga

 

180

2015

Hotellet: Elg

Lia: Lillebjørn Nilsen

150

140

2016 Kons. På hotellet

Fredag: Unni Wilhelmsen

Lørdag: Anders Jægtvik m/band

150

150

2017

Fredag: kl.22.00: Frode Alnæs

Lørdag kl. 14.30: Kari Rueslåtten

Lørdag kl. 22.00: Jack Vreesvijk

Søndag kl. 12.00 på Bedehuset:Gro, Erik, Øystein

130

 62

150

 62

2018

Fredag kl. 21.30:Brann i Blått+ Unni Boksasp,Marit, Erik.

Lørdag kl. 18.00: Knut Anders Sørum trio.

Lørdag kl. 22.00: deLillos

100

100

174

2019

25.-26. okt.

Fredag kl. 21.30: Stein Torleif Bjella

Lørdag kl. 21.30: Henning Kvitnes og Trond Helge Johnsen

100        

180         

2020

31. okt.

Lørdag kl. 21.30: Frida Ånnevik

 

85 (koronarestr.)

 

 

 

 










0 kommentarer:

Legg inn en kommentar