5. juni 2020

Overflateredning i Angvikelva

Angvik Brannlag gjer seg klare til øvelse.
Tekst og foto: Ola Indergård

Det er ikkje berre brannar som er oppgåva for brannvesenet i vår tid. Like viktig er  redningsoppdrag av ulike slag.


Torsdag 28. mai stod overflateredning i elv på øvingsprogrammet. Instruktørar var Mikael Havnes Jørgensen frå Molde, og Lars Olav Høgset frå Batnfjorden.

Det var ein ivrig og engasjert gjeng som etter kvart kasta seg ut i den strie Angvikelva, med våtdraktar og hjelmar på seg, og med redningstau å halde tak i. 
Det er tydeleg å sjå at det er eit lag som tek oppgåvene seriøst, og som legg alt i å vere så godt førebudde som råd er til dei ulike oppgåvene dei kan få.

Redningsutstyret er utstyr som laget no har fått tildelt, i tillegg til ein redningsflåte. Seinare i år skal dei øve på redning frå sjøen.

Det er betryggande for indre del av kommunen å ha eit brann- og redningslag som fungerer så godt, og som blir meir og meir profesjonelle på dei ulike oppgåvene dei blir tildelte. 











0 kommentarer:

Legg inn en kommentar