5. juni 2020

"Kriminalsak" på Angvik skule

2. Klasse ved Angvik skule får hjelp frå politiet.
Tekst og foto: Angvik skule
Observante innbyggarar fekk kanskje med seg at vi hadde besøk av politiet på skulen i går. 2. klasse har nemleg jobba med ei «kriminalsak» denne veka.

På tysdag var klassebamsen sporlaust forsvunne, og elevane måtte hjelpe politiet å finne han. Dei skreiv etterlysingsskjema og brev til tjuven. Og i går, torsdag, kom ei patrulje frå forebyggende enhet i Kristiansund. Dei tok saka på høgste alvor, og hadde med seg både sperreband og utstyr for å ta fingeravtrykk.

Tusen takk for utruleg god hjelp frå politiet som hjalp oss med å få dette undervisningsopplegget til å bli så realistisk. Og for dei som lurar; dette var eit iscenesatt tjuveri, så det går ingen tjuvar laus i bygda så vidt vi veit.


Sjå fleire bilder her:












0 kommentarer:

Legg inn en kommentar