2. september 2019

Invitasjon til BlimE-dansen 2019


Angvik skule inviterer alle som har lyst til å sjå elevane danse BlimE-dansen til å kome på skulen fredag 6. september kl 12.00.

I år arrangerer NRK Super vennskapskampanjen BlimE for 10. gong, og Angvik skule er med.

Kampanjen sett fokus på korleis ein kan danne vennskap og korleis vi kan arbeide mot mobbing.
Vi håpar så mange som muleg vil kome å sjå på elevane frå 1.-7. trinn når dei dansar BlimE-dansen!

Indre Gjemnes Bygdekvinnelag sørger for enkel bevertning.



0 kommentarer:

Legg inn en kommentar