20. april 2016

Krig mot brunsneglane!

Går til krig mot brunsneglane!
Ja, no gjer vi ein innsats for å bli kvitt brunseglane i bygda!!!

 NEMASLUG er det mest effektive midelet til dette. Da tek ein ikkje knekken berre på ein og ein snegl, men ”gifta” blir spredd, slik at fleire stryk med. NEMASLUG er levande mikroorganismar som kan blandast med vatn og er ufarleg for dyr og menneske.

Angvik Bygdelag har teke initiativ til ein felles kamp. Det er ikkje alle som har fått denne plaga enda, men det er berre snakk om tid, dessverre! Og med NEMASLUG kan alle førebyggje at sneglane kjem! Til åte blir bruka sneglebitar eller frukt/grønsakskiver inntrekt med stoffet.


Bygdelaget får tak i dette som granulat, blandar det ut og sel det ferdig til bruk. Det følgjer med ei bruksanvisning også.

Det er om å gjere å starte tidleg, ”han sjølv” er allereie oppservert! Men sjølv om det ikkje er så mange sneglar enda, kan vi ta dei etter kvart.

Første utdeling av NEMASLUG blir hos Solveig og Rolf,
onsdag den 27. april mellom kl. 18.00 og 19.00.

Vidare kvar 14. dag: 11. mai, 25. mai, 8. juni, 22. juni.
Vi veit ikkje heilt kor lenge vi skal halde på, og byter på kven som deler ut.

Prisen er 20 kroner pr. liter, og ein liter er ganske dryg, det vil vera nok for minst 2 veker.

Ta med kar/flaske til å ha den flytande NEMASLUGEN i. Dette er ferskvare, og skal stå relativt kaldt.



Angvik Bygdelag 


0 kommentarer:

Legg inn en kommentar