24. oktober 2011
Ungane i Lia i Angvik hadde også i år kafè til inntekt for TV-aksjonen. Edvard (8år), Olav (6år) og Alma (5år) hadde planlagt dagen nøye.
Plakat vart laga onsdag og hengt opp på butikken, og klokka 14 søndag venta dei spent på om kundane ville kome.
Omlag 40 personar fann turen til Lia, og her kunne dei både kjøpe seg kaffe og kaker, bakels og graut. Det var dessutan loddsal, gjettekonkurranse og eit lite loppemarked.
Då pengane vart talde opp, hadde dei flinke ungane fått inn 3697 kr til Norsk Folkehjelp.
Dagen vart avslutta med tur til Batnfjorden for å levere bøssene, der ein nøgd Olav Bjørn Nilssen tok imot bøssene.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar