10. juli 2010

Sommarkonsertane i Angvik

Sommarkonsertane i Angvik har no alle musikalske aktørar og program på plass til konserthelga 14.-15. august.

Familiedag
Laurdag 14. august fra kl. 11 blir det familiedag på området ved Angvik Gamle Handelssted. Colin Archer-skuta RS Christiansund kommer. Der blir det høve til omvisning om bord. Vidare blir det salgsboder med variert innhald. Det blir leikar, konkurransar, museumsomvisning, og ein kanopadle-konkurranse.
Til sist blir det ein mini-konsert på kaia, med Frode Alnes, og vår lokale trubadur, ”Drengen,” Jan Ketil Duaas.
Kveldsarrangement lørdag. Kl. 21 blir det konsert i Angviksalen med artistane Tor Erik Jenstad, Rolf Kristian Holte, Peder Hønsvik, Gro Kjelleberg Solli og Helge Husby. Dei har laga eit program omkring den lokale felespelaren Harald Haltvik. Dette blir då også framført i Haltvikstuå, den stua som Harald Haltvik voks opp og levde sitt liv i, og som no er flytta til Angvik Gamle Handelssted.
Det blir høve til å kjøpe seg 3 retters middag på hotellet før konserten i Angviksalen. Kontakt hotellet for bestilling.
Seinare på kvelden laurdag blir det så pub-kveld, med musikk av ”Drengen.”

Søndagskonserten

Det blir eit innhaldsrikt program der vi får høyre Frode Alnæs og Ola Kvernberg spele saman på låvebrua i Sollilia. Og saman med dei blir også Jorun Kvernberg, Unni Boksasp, og ,som vanleg, Gro Kjelleberg Solli saman med born frå Angvik skule. Dermed har vi fått på plass ei skikkeleg nordmørsk/romsdalsk forbrødring, med Ola og Jorun frå Romsdalen, og Frode, Unni og Gro frå Nordmøre.
Det er tiande gong vi arrangerer konsert i Sollilia. Vi har hatt store og spanande namn tidlegare også, men samansettinga i år ser vi på som det mest nyskapande som har vore i Sollilia. Og som vanleg dei siste åra, kan ein ta veteranbuss frå kaia og opp til konsertstaden. Konserten startar kl 16.00.

Sett av helga 14. og 15. august, og bli med å lage folkefest i bygda!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar