16. juni 2010

St. Hansfeiring i Angvik

Vi tek den vanlege varianten i år - igjen.....
Bålet blir sett fyr på.
Grauten koka varm og seld til eksakt pris.
Safta er passe søt og kald.
Grillen er klar for dei som tek med slik mat.
Kaffe og brus tek og folk med sjølve.
Myggen kjem.
Og veret kan ingen gjera noko med.....

Kva betre måte å feire at sola snur og at vi igjen går mot mørkare tider?!!!

Lat oss samlast i godt humør og trivast i midtsommarskvelden.


PS! Ser vi nokre flotte hattar, vankar heider og ære!

Som vanleg blir det ved fabrikksaga Onsdag 23. Juni kl. 18.00.

velkomne

Angvik Bygdelag

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar