9. desember 2020

Luciatog gjennom bygda

Grunna koronapandemien må vi på Angvik skule avlyse den årlege julekonserten vår i Flemma grendahus. FAU og Angvik skule arrangerer i år difor utandørs Lucia-tog måndag 14. desember kl 18.00. Elevane på skulen vil gå 17.-mai.-ruta frå skulen med luciadrakter og tente lys. Vi håpar dette kan bli eit fint syn også for dei som ikkje har elevar på skulen, og håpar at bygdafolk frå alle bygdene i indre vil kome og sjå på toget. Vi inviterer difor alle som har lyst til å stå langs ruta og synge med på lucia-songane når toget passerer (pass på avstandskravet på 1 meter). Toget vil slutte med eit lite arrangement ute på skuleplassen. Her ber vi om at det berre blir elevar og foreldre/søsken, då vi må halde oss til reglane for antal personar på utandørs arrangement.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar