11. mars 2019

Edvard debuterte i randonee-VM i Sveits

Edvard Sætran Solli (tv) og Erik Kårvatn er debutantar
i randonee-VM som går av stabelen i Sveits.
I går debuterte Edvard Sætran Solli i randonee-VM i Villars, Sveits, saman med resten av verdenseliten. Rundt 290 deltakarar fordelt på heile 31 nasjonar deltek, der Sveits, Italia og Frankrike er i ein divisjon for seg sjølv. 
Dagens øvelse var sprint, og både Edvard Sætran Solli og Erik Kårvatn frå Todal gjennomførte ein god mesterskapsdebut i kadettklassen, med kvar sine gode prologar som resulterte i ein 19. plass for Erik og 35. plass til Edvard. Begge med gode tider, i ein øvelse med små marginar. 
Hans Inge Klette gjekk inn til 2. plass i klassen senior espoir, så heile laget feira prestasjonen hans med kake etter medaljeseremonien i går. 
VM-flaggberar fra Angvik er sjeldan kost..
Laurdag var det opningsseremoni, der alle nasjonale gjekk parade langs hovedgata før den offisielle opninga vart gjort av presidenten av det internasjonale ski mountaineering forbundet, ISMF. Edvard, som yngstemann på laget, fekk vere flaggberar for Noreg. 
I morgon, tysdag, er det individuell. Her skal kadettene gå ei løype på totalt 900 høgdemeter i området rundt skianlegget i Villars. Onsdag er siste konkurransedag for denne klassen, med vertikal. Her er det førstemann opp ei løype på om lag 700 høgdemeter. 

Mesterskapet er ei stor oppleving for både deltakarar og hjelpemannskap. Den norske troppen består  av totalt 12 personar, så her er Noreg ein liten nasjon samanlikna med andre land. Både Spania, Sveits, USA og Italia har store troppar med eigne smøreteam og stort støtteapparat. 





0 kommentarer:

Legg inn en kommentar