3. mai 2018

Etterlysing av utlånsnøklar til skulen.


Skulen har det same låsesystemet som tidlegare, også etter ombygginga. Nokre sylindrar er bytte ut med nye, og det er no litt tilfeldig om ein nøkkel passer eller ikkje. 

Etter fordeling av nøklar til dei som arbeider på skulen, har vi ikkje lenger nøkkel å låne ut til dei som bruker skulen på fritid.  
Før ombygginga var det ein del faste leigetakarar av skulen. No er det ingen!! 

Vi håper difor det kan vere nokre med ein nøkkel som framleis passer til systemet, og som ikkje har bruk for den lenger. 

Behovet for nøkkel til utlån er no særleg aktuelt da fotballsesongen er i gang, kunstgrasbanen blir nytta til trening og kamp, og barn og vaksne ber om å få nytte toalett på skulen. 

Vi ber difor om at nøklar som er lånt ut til aktivitetar på skulen, og som ikkje lenger er aktuelle, blir levert tilbake.  



0 kommentarer:

Legg inn en kommentar