7. februar 2018

Endelege resultat fra innbyggarhøyringane - tilråding frå Fylkesmannen 23. mars





Endelege resultat fra innbyggarhøyringane er klare og resultat etter kjønn og alder er publisert (sjå bilete over). 

Fylkesmannen ber vidare om følgjande vurdering frå Gjemnes kommunestyre:


  1. Kva for konsekvensar vil det gi for Gjemnes kommune at bygdene Angvik, Flemma, Fagerlia og Øye/Heggem blir ført over til nye Molde kommune.
  2. Korleis vurderer kommunestyret resultatet frå innbyggarhøyringa.


Fylkesmannen ber i tillegg om uttale frå følgjande høyringspartar
  1. Fellesnemnda i nye Molde kommune gjer greie for sitt syn på ei eventuell grensejustering av bygdene Angvik, Flemma, Fagerlia og Øye/Heggem over til nye Molde kommune.
  2. Møre og Romsdal fylkeskommune uttalar seg til ei eventuell grensejustering av bygdene Angvik, Flemma, Fagerlia og Øye/Heggem sett ut i frå eit regionalt perspektiv.
  3. Kartverket vurderer om grensene som går fram av innbyggarinitiativet har god nok kvalitet som grunnlag for ny kommunegrense.
Frist for uttale seg om dette er sett til torsdag 15. mars 2018.

Sluttmøte for søkarane, representantar frå Gjemnes kommune og representant frå fellesnemnda i nye Molde kommune blir 21.03. 2018.
Fylkesmannen gjer si vurdering og tilråding på bakgrunn av all informasjon som er motteke i saka. I følgje milepælsplana skal fylkesmannen sende tilrådinga til KMD 23. mars 2018. Fylkesmannen vil same dag halde pressekonferanse om si tilråding.
x


0 kommentarer:

Legg inn en kommentar