Trener Arne Glæstad og Reinsfjell G13 er klar for 8-dels finale (foto: Unni Kjelleberg Solli) |
Reinsfjells G13-lag spelte tysdag kveld den siste av dei tre
kampane i gruppespelet i pulje 11, gruppe M (7-aside).
Etter to strake seirar
mot Jotun IL og Jardar IL, hadde gutane eit håp om seier også i denne kampen.
Dei møtte sterk motstand, og kjente nok to tøffe kampar i beina.
Etter ein
spennande kamp vann dei likevel heile 5-2, og ender dermed opp som gruppevinnar
i pulja si.
Dei var kvalifiserte til A-sluttspel
allerede etter måndagens kamp,
men syntes det var ekstra artig å ta gruppeseieren med solide 18-6 i
målforskjell .
Dei møtte Spjelkavik IL til 1/16-delsfinale idag, onsdag kl
10, og vann heile 6-3 over dei. Dermed er det klart for 8-dels finale som speles på Valle Hovin i dag kl. 16.15.
Lykke til!
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar