9. januar 2017

Stikk UT: Ski, vinteren 2017.

No er det ikkje berre i sommarhalvåret ein kan gå Stikk UT-turar. Nytt av  året er ski-turar. I Gjemnes kommune er det lagt opp fem turar, to på Heggem,  to på Fursetfjellet, og ein frå Silset, opp til Silsethytta.

På Heggem er starten på begge turane frå Osmarka skistadion (Allaktivitetshuset) Turen til gapahuken er på 4,6 km tur/retur, og Sødalsmyra er 9 km tur/retur. Begge turane går etter fint oppkøyrde løyper. Det same gjeld dei tre turane i Batnfjorden.


Sjølv om det er mykje mildver for tida, er det, iallfall enno, gode løyper. Og mange har alt besøkt postane. Så det er berre å gå i gang,  finn fram skia, og legg ut på tur.


0 kommentarer:

Legg inn en kommentar