17. august 2016

Info Angvik skule

Utsett skulestart.
Oppstart etter ferien ved Angvik skule, er utsett i to dagar, og blir:

Onsdag, 24. august kl. 09.00.

Alle elevane møter til dette tidspunkt.
Årsaka til utsettinga er byggearbeidet på skulen, og tida som må til for klargjering av undervisningslokala som elevane skal nytte utover hausten til heile prosjektet er ferdig. Det vil framleis vere byggeaktivitet på skulen, mest i endane av bygget der nytt kjøkken og undervisningsrom blir bygd i den gamle barnehagedelen, medan lager og mottak av varer blir bygd i andre enden. Etter planen skal rehabiliteringa vere avslutta i november.

I samband med utsettinga av oppstarten, blir det lagt til rette for gratis SFO-tilbod for dei elevane i 1.-4. klasse som har behov for tilsyn. Dette må meldast frå til skulen på epost: terje.humstad@gjemnes.kommune.no


Etter kvart som handverkarar avsluttar arbeid og ting tar form, ser vi at vi får ein flott utgangspunkt for aktivitet og læring. Vi ser fram til dagen da elevane kjem, og gler oss også til vi kan invitere heile skulekretsen på besøk og omvising. 


0 kommentarer:

Legg inn en kommentar