8. juli 2011

Sommarkonsertane i Angvik, 13. og 14. august

Helga 13. – 14. august vil Sommarkonsertane i Angvik bli arrangert, for 11. gong.
Artistane er på plass, og arrangørane kan leggje fram eit svært spanande program.
Arrangementet startar med familiedag på laurdag på kaiområdet, med ope museum og galleri, gamle leikar for born, og salgsboder med mellom anna sal av lokal mat . Siste året vart kano-konkurransen svært populær, så denne vil bli gjenteke, og med enda større deltaking. Vidare vil Eliasbåten vere der for å ta med born på turar ut på sjøen.
Også i år blir det lagt opp til gratis utekonsert, med Kristoffer Eikemo, deltakar frå Gjemnes i landsfinalen i Ungdommens kulturmønstring i Trondheim. Han kjem med sitt kjendisshow, og han vil og ha eit innslag på piano. Vidare kjem også laurdagskveldens artistar, Sommerro og Inderberg til å til å entre scena med eit innslag.

Angvik Bygdalag vil på laurdag ettermiddag arrangere eit seminar for tillitsvalde i bygdelaga/velforeningane i kommunen, med professor Reidar Almås frå Senter for Bygdeforskning i Trondheim som forelesar. Seminaret blir avslutta med middag på Angvik Gamle Handelssted, og for dei som ønskjer det, konsert i Angviksalen.

Og til konserten på laurdag kveld kjem i år Henning Sommerro og Jon Pål Inderberg, begge kjende artistar i norsk musikkliv. Dei vil framføre nordmørsk musikk, med mykje vekt på tonar knytt til Hans Hyldbakk.

Kvelden blir avslutta med pubkveld i Angviksalen, med som vanleg, den lokale trubaduren,
”Drengen,” Jan Ketil Duaas.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Sommarkonsertane i Angvik og Angvik Gamle Handelssted. På hotellet kan ein tinge overnatting, og det blir mat å få kjøpt der, så langt det er plass.

Sollili-konserten
Søndagskonsertane i Sollilia har i alle år vore av svært god kvalitet, med artistar som Odd Norstoga, Frode Alnæs, Ola og Jorun Kvernberg, Unni Boksasp, Gjermund Larsen , Annbjørg Lien, og mange fleire.
Dette året blir ikkje noko unntak i så måte, når Valkyrien Allstars entrar scena i Lia. Dette bandet vil vere vel kjend frå radio/TV for sin folketone/rockeprega musikk. Og som vanleg vil Gro Kjelleberg Solli ha med seg born frå Angvik skule med song.
Med nytt sceneanlegg, dette unike bandet Valkyrien, den særs spesielle konsertarenaen som Sollilia er, vil det bli ei større oppleving enn nokon gong tidlegare. Så, set av helga 13. – 14. august til Sommarkonsertane i Angvik.


0 kommentarer:

Legg inn en kommentar