23 oktober 2026

Angvikkonsertane feirar 25 år

Frå folkemusikk på låvebrua i Sollia til haustkonsertar med nokre av landets fremste artistar: Angvikkonsertane fyller 25 år i år. Jubileumsåret blir markert med Christel Alsos fredag 30. oktober og Janove Ottesen laurdag 31. oktober i Angviksalen ved Angvik Gamle Handelssted.

Historia starta i 2001 på låvebrua oppi Sollia, der folkemusikaren Gro Kjelleberg Solli budde den gongen. Brann i Blått stod på programmet det første året. Med folkemusikken som utgangspunkt voks det fram ein konserttradisjon der både lokale musikarar og tilreisande artistar møtte publikum i den særprega ramma rundt låven.

I åra som følgde kom mellom andre Annbjørg Lien, Steinar Ofsdal, Ola og Jorun Kvernberg, Odd Nordstoga, Gjermund Larsen trio og Valkyrien Allstars til Sollia. Gro Kjelleberg Solli var ein sentral del av tradisjonen, og lokale born fekk òg ta del i konsertane.

Angvik Gamle Handelssted opna dørene hausten 2007, og frå 2009 vart det òg arrangert konsertar i Angviksalen. Samstundes heldt tradisjonen på låvebrua fram. I mange år vart Angvikdagane arrangerte på hotellområdet, og konsertane gjekk under namnet Sommarkonsertane i Angvik. Publikum kunne oppleve musikk både nede ved fjorden og oppe i Sollia.

Artistlista gjennom åra fortel om eit arrangement som har gitt rom for stadig fleire musikalske uttrykk. Jonas Fjeld, Lillebjørn Nilsen, Rita Eriksen, Frode Alnæs, Unni Wilhelmsen, deLillos, Stein Torleif Bjella og Jan Eggum er nokre av namna som har gjesta Angvik. Dei seinare åra har mellom andre Frida Ånnevik, Bjørn Tomren, Eva Weel Skram, Espen Lind og Adam Douglas stått på scena. I 2025 var begge konsertkveldane utselde, med Karoline Krüger og Sigvart Dagsland fredag og Ingebjørg Bratland laurdag.

Etter kvart har Angvikkonsertane fått fast tilhald i Angviksalen og blitt eit haustarrangement den siste helga i oktober. Tømmerveggene, dei levande lysa og mørket utanfor gir konsertane ei lun ramme. Nærleiken mellom artistane og publikum er ein del av opplevinga, slik han òg var på låvebrua der det heile byrja.

Christel Alsos og Janove i jubileumsåret

Fredag 30. oktober kjem Christel Alsos til Angvik med si særprega, krystallklare stemme og varme formidling. Artisten frå Fauske platedebuterte med Closing the Distance i 2007 og har sidan rørt publikum over heile landet med musikken sin.

Laurdag 31. oktober står Janove Ottesen på scena. Som frontfigur i Kaizers Orchestra, soloartist og komponist har han gjennom meir enn 25 år skapt eit rikt musikalsk univers. Jubileumshelga byr dermed på to artistar med kvar sitt tydelege uttrykk, i ein sal som legg til rette for nære konsertopplevingar.

For arrangørane er jubileet eit høve til å sjå tilbake på 25 år med musikk og gode møte mellom artistar og publikum. Men 25 år er ingen alder. Angvikkonsertane held fram, med mange flotte konsertminne i bagasjen og plass til nye.

Billettar og informasjon: Billettlink

Pressekontakt: Vegard Indergård  |  vegard@angvik-prosjektering.no

 



0 kommentarer:

Legg inn en kommentar